Hopp til hovedinnhold
To mennesker står på dekket av en båt. Den ene viser den andre telefonen sin og peker på skjermen.

Kva brukar Marfo ryddedataen til?

Redigert:28.9.2023

Senter mot marin forsøpling formidlar ryddedataen senteret hentar inn gjennom Rydde og Rent hav. Me legg også til rette for at alle som rydder i Noreg har informasjonen dei treng for å ha oversikt over ryddeaktivitet.

Dataen Marfo setter saman frå Rydde og Rent hav i Ryddestatus Norge gir alle som jobbar med marin forsøpling oversikt over førekomst av marin forsøpling og oppryddingsaktiviteten nasjonalt. Dataen gir mellom anna eit innblikk i:

  • Kor mange som har rydda, kvar dei har rydda, kva dei har rydda og kor mykje som er rydda
  • Geografiske forskjellar og likskapar mellom fylke og kommunar.
  • Utviklinga av trendar i ryddeaktivitet og toppfunn over lengre tid

Oversikt over rydding i Noreg

Dataen Marfo samlar inn gjennom Rydde og Rent hav er også viktig informasjon, fordi den gir alle som jobbar med marin forsøpling ei oversikt over ryddeaktivitet. Dataen kan også brukast i planlegginga av framtidige ryddeaksjonar. Målet er at dataen bidreg til ei koordinert og effektiv opprydding nasjonalt, gjennom deling av informasjon og samhandling.

Marfo leverer i dag data til Miljøstatus, der vekt på rydda forsøpling frå aksjonar er ein del av det store biletet Miljøstatus formidlar når det gjeld miljø og klima i Noreg.

Formidling og førebygging

Vi bruker også dataen aktivt i formidling, der me hentar ut tal og set dei i ein større samanheng. Eit døme er kampanjen «Hei, har du mista noko?» der målet er å redusera taustumpar, avkapp og mindre plastbitar frå alle som bruker havet. Grunnlaget for kampanjen var funnregistreringane ryddare har gjort gjennom mange år, som viser at tau og delar av tau er den typen forsøpling det blir rydda mest av.

Ryddestatus Norge gir derfor Marfo og fleire aktørar eit bilete av kvar me må setja inn førebyggjande tiltak for å forhindra at forsøpling skjer. Ei av hovudoppgåvene Marfo har er å førebyggja sjøbasert forsøpling, altså søppel frå alle som brukar havet, som fiskeri, sjøfart og havbruk.